Sport 1 Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

Chatlet Sport1 Nordfjordeid ligg i ALTI Nordfjord, det største handlesenteret i Nordfjord. Butikken blei etablert i andre etasje i gamle Moengården heilt tilbake i 1988, der den hald til fram til den flytta over vegen til Moengården Vest i 2005. Etter å ha vakse seg ut av eigne lokale for andre gong, flytta butikken til noverande lokale i ALTI Nordfjord i oktober 2016.

 

Chatlet Sport1 består av tre butikkar på Nordfjordeid, på Sandane og i Førde, og vi har vore medlem av Sport1-kjeden sidan kjeden starta i 1993. Butikkane satsar på å ha eit breitt utval innan sport- og fritidsmote og elles alt ein treng av utstyr til å drive trening, sport og friluftsliv. Vi har godt utval av fottøy til tur, trening og fritid, ei rikhaldig fiske- og friluftsavdeling og eit stort utval innan klubb, sykkel og skisport. Vi strekk oss langt for å skaffe riktig utstyr til kundane våre.

 

Tenester:

- Eigen sykkelverksted tek service på alt av syklar kjøpt i sportsbutikkar, også elsyklar. Har Shimano-sertifisert mekaniker og diagnoseverksted for Bosch-elsystem.

 

- Vi brenn for lokal idrett og har samarbeidsavtalar med fleire klubbar og idrettsutøvarar i distriktet.

 

- Vi ordnar transfertrykk og kan tilby alt av spesialtilpassa klubbtekstil og øvrig utstyr til lag og organisasjonar. Ta kontakt for uforpliktande tilbod.

 

- Sportsfiskarar kan kjøpe fiskekort til Eidselva og Hjalma gjennom oss.

 

- Gjennom samarbeid med Harpefossen skisenter tilbyr vi sliping og service av ski.

 

- Varmetilpassing av skistøvlar.

 

- Sal av rockestæsj til Malakoff Rockfestival kvar sommar.

 

Åpningstider

Kvardagar: 10:00 - 19:00
Laurdag: 10:00 - 17:00

Besøksadresse

Moengården Vest
6770 Nordfjordeid

Kontakt

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid 57 86 13 71

KONTAKT OSS